Nyheter


Åpningskveld med lyn - før haustturneringa

29 Aug 2012 skrevet av asmund
Ein lynrunde og påmelding til haustturneringa stod på programmet på åpningskvelden i sjakklubben tirsdag 27. august.

Haustturneringa (langsjakk) startar førstkommande tirsdag 4. september. Hittil har vi fem påmeldte, men det er tidsnok å melde seg på på tirsdagen.

Dei fem frammøtte på åpningskvelden gjennomførte ein lynrunde. Harde slag etter ein lat sommarferie og delt seier, sjølv ikkje eit ekstra finaleparti skilte dei to i teten, og da kunne det likså godt ende slik.

Resultat:
Kjell Næssvold 3 1/2 (av 4)
Åsmund Forfang 3 1/2
Matts Eriksen 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 0

Vi startar haustsesongen 28. august

19 Aug 2012 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb startar haustsesongen tirsdag 28. august kl. 19.00, på vanleg stad på Orkdal vidaregåande skole.

Dersom det er medlemmer som har sterkt ønske om ein annan speledag enn tirsdag, så kontakt formannen.

Den første kvelden blir det påmelding til haustturneringa i langsjakk, med første runde 4. september.

Forslag til terminliste blir lagt fram 28. august.

SMPOÅAs åpne klubbmesterskap i lyn 22. august

19 Aug 2012 skrevet av asmund
Onsdag 22. august inviterer SMPOÅA til åpent klubbmesterskap i lyn. Det er alltid moro å stille opp der, så meld deg på!

Informasjon og påmelding her.

Sjakkfejden i Östersund 1.-2. september

19 Aug 2012 skrevet av asmund
Den årlege sjakkfeiden mellom Trøndelag og Jämtland går i år i Östersund helga 1.-2. september. Denne tradisjonen vart starta i 2005 ved 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Du kan melde deg på og bli med på trøndelagslaget. Alle som melder seg på, blir nemleg med. Still opp!

Informasjon og påmelding her.

Tarva 23.-24. juni - KM i lyn og hurtigsjakk

11 Jun 2012 skrevet av asmund
SMPOAÅ inviterer til ei triveleg sjakkhelg på Tarva! Dei to turneringane er dessutan kretsmesterskap for Trøndelag i lyn og hurtigsjakk.

Det er begrensa plass, så ver snar. Les meir her - og meld deg på.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews