Nyheter


Vi har no flytta til Follo - Orkdal vidaregåande skole

20 Jan 2011 skrevet av asmund
Klubbkveldane våre er no i bygg G på Follo, kvar måndag klokka 19.00.

Velkommen til både nye og gamle medlemmer!

Tap i seriesjakken mot Trondheim 2

20 Jan 2011 skrevet av asmund
Vi gjekk på eit stortap mot Trondheim 2 i seriesjakken søndag 16. januar med siffera 1/2 - 4 1/2.

Etteranalysen på klubbkvelden på måndag viste likevel at fleire av våre spelarar hadde sjansar til å ta heim fleire poeng, men altså forspelte sjansane ... Men sånn er det som regel, at det er den som utnyttar sjansane sine, som vinn ...

Vårsesongen begynner 17. januar på Follo

10 Jan 2011 skrevet av asmund
Måndag 17. januar kl. 19.00 blir første klubbkveld etter jul.

Vi har altså flytta til Follo, Orkdal vidaregåande skole, G-bygningen.

Velkommen både nye og gamle sjakkspelarar!

Orkdal sjakklubb flyttar til Follo - Orkdal vidaregåande skole

21 Dec 2010 skrevet av asmund
Frå årsskiftet flyttar Orkdal sjakklubb frå Strandheim til Follo, Orkdal vidaregåande skole. Der får vi bruke eit fint spelelokale, og vi håpar at sjakkspelande follotrælar stikk innom oss. Tidspunkt og stad for oppstarten i januar blir behørig annonsert både ved oppslag og her på heimesida vår.

Matts klubbmester i lyn

21 Dec 2010 skrevet av asmund
Full pott for Matts i klubbmesterskapet i lyn, som vart arrangert etter årsmøtet i går kveld. Ikkje alle seirane var like bombesikre eller fortente, må vi andre få lov til surmulande å påstå, men skiljet går ofte der: mellom dei som er gode nok til ikkje å gjere feila, og dei andre ...

Resultat
Matts Eriksen 6 (av 6)
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews