Nyheter


Hurtig og lyn 29. november

29 Nov 2010 skrevet av asmund
Som opplading til bortekampen mot SMPOAÅ i serierunden i 1. divisjon Midt-Norge til helga tok vi i kveld ei lita turnering med ein runde hurtigsjakk og ein runde lyn. Resultat:

Matts Eriksen 5 (av 6)
Åsmund Forfang 4
Rudi Kilen 3
Lars Lium 0

Lynsjakk 22. november

26 Nov 2010 skrevet av asmund
Det lønner seg å trene, og Rudi har trena frykteleg mykje i det siste og har komme i form! Og Matts er verkeleg i slaget, det viser innsatsen hans i eksterne turneringar i det siste også. Underteikna har hatt svært så gode ubevisste grunnar til å undertrykke tanken på å skulle skrive inn desse resultata:

Matts Eriksen 6 (av 6)
Rudi Kilen 3,5
Åsmund Forfang 1,5
Lars Lium 1

Lynrunde 15. november

15 Nov 2010 skrevet av asmund
Matts tok med seg storformen frå den siste tida inn i klubblokalet i kveld og gjekk til topps også i vårt vesle lokale oppgjer. Rudi hadde lege i trening i heile helga for å ta innersvingen på oss andre, og lykkast bra med ein klar andreplass.

Resultat:
Matts Eriksen 5 (av 6)
Rudi Kilen 3,5
Lars Lium 2,5
Åsmund Forfang 1

Matts Eriksen nesten til storfinale i lyn

15 Nov 2010 skrevet av asmund
Matts gjorde det imponerande skarpt i kvalifiseringsrunden i BNBank Blitz i Kristiansund sist helg - ein 2. plass og berre 0,5 poeng frå plass ved det 12 manns store bordet saman med stormestrar og den slags i finalen i Oslo 27. november.

Turneringsrapport frå Kristiansund finn du her.

Lynsjakk 8. november

08 Nov 2010 skrevet av asmund
I kveld var det å sleike såra etter seriesjakken i helga og kople av med ein lynrunde.

Resultat:

Kjell Nædssvold 5 (av 6)
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 0

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews