Nyheter


Hurtig/lyn - 9 strake til Kjell Næssvold

12 Oct 2010 skrevet av asmund
Kjell viste god haustform og var utilnærmeleg sist måndag i ein dobbel hurtigrunde + ein lynrunde:

Kjell Næssvold 9 (av 9)
Matts Eriksen 5
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 1

Knut Brokstads Minneturnering i Trondheim 29.-31. oktober

24 Sep 2010 skrevet av asmund
Årets utgåve av Knut Brokstads Minneturnering er lagt til aulaen på Sverresborg skole 29.-31. okober. Informasjon om turneringa finn du her. Vi oppfordrar medlemmene våre til å delta på denne flotte turneringa. Gå inn her og meld deg på!

Resultat langsjakk

22 Sep 2010 skrevet av asmund
Første runde i vår miniturnering i langsjakk vart avvikla sist måndag med to begivenhetsrike parti:

Matts Eriksen - Lars Lium 1-0
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang 1/2-1/2

20.9.: Første runde i 3-runders langsjakkturnering

14 Sep 2010 skrevet av asmund
Måndag 20. september blir det første runde i denne miniturneringa over tre kveldar, Oppsett:

Matts Eriksen - Lars Lium
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang

Heimebanen avgjorde triatlonen ...

14 Sep 2010 skrevet av asmund
Stor dyst på Lars Liums grunn i Hoston i går kveld - triatlon med skotthyll, pilkast og sjakk med åtte frammøtte kombattantar. I kvar grein vart det delt ut plasseringspoeng etter graderinga 13-10-8-7-6-5-4-3.

Det hjelpte ikkje med nokre få øvingskast på den flotte, profesjonelle skotthyllbanen på Lium for nybegynnarane i denne sporten. Heimefavoritt Lars og Matts stilte med 100 poengs handikap, men det hjelpte lite for dei håpefulle outsiderane. Mens kubbane fall i koll i hopetal, vart det smultring på smultring iallfall på enkelte av deltakarane. Mens andre av nybegynnarane gjorde det brukbart. Uansett: seier i skotthyll til bonden sjøl, Lars Lium, med Matts Eriksen på andre.

Til pilkastkonkurransen kom nabo Anna med ordentlege smultringar, slike som berre smakar godt, til trøst og glede.

Her kom ein ny hostobygg, Einar, og tok førsteplassen like framfor Rudi, som mot slutten av 5 x 3 piler-runden fann tilbake til pubtaktene frå Øra-området. Lars like bak der att og låg godt an til samanlagtseieren.

Sjakkrunden - lynsjakk over 7 rundar - vart ein brutal affære med tidshandikap og hamring på sidemannens klokke og andre slags tabbar. Kjell viste seg atter som ein mann med kontroll på sjølv den knappaste tid, han spelte stort sett med minimal tenketid, 2 minutt mot 8. Likevel berre smultringar på motspelarane. Med denne sterke innsatsen løfta han seg opp til andreplass samanlagt og verdig til ei vinflaske.

Men den gjevaste vinflaska gjekk altså til verten med heimebanefordel, Lars, med ein snau margin på 1 plasseringspoeng, etter femteplass i sjakkrunden.

Resultat samanlagt:
Lars Lium 27 plasseringspoeng
Kjell Næssvold 26
Einar 24
Rudi Kilen 21
Åsmund Forfang 19
Gunnar Gisnås 18
Matts Eriksen 17
Endre Bjørgum 14
Smultring-Anna 4 (stilte berre i pilkast)

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews