Nyheter


23. november: Besøk frå Horg

19 Nov 2009 skrevet av asmund
Vi har invitert Horg sjakklubb til spelekvelden vår måndag 23. november - og dei kjem mannsterkt. Så still opp du også!

Kjell til topps i lyn

19 Nov 2009 skrevet av asmund
Måndag 16. november var Kjell Næssvold nesten uslåeleg i lyn - eitt poeng gav han bort.

Resultat:
Kjell Næssvold 9 (av 10)
Åsmund Forfang 8
Matts Eriksen 5
Richardson Fernandes 3
Lars Lium 3
Rudi Kilen 2

Heiderleg tap mot Verdal i 1. divisjon

08 Nov 2009 skrevet av asmund
Seriesjakken starta i helga, og Orkdal møtte det laget som kanskje er største favorittar i 1. divisjon i Midt-Norge, Verdal. Heimelaget Verdal var klar ratingfavoritt på alle fem bord i dag. Så resultatet, 3 1/2 - 1 1/2, må vi kalle eit heiderleg tap.

Resultat:
Kjell Næssvold, Orkdal - Pål Andreas Hansen, Verdal 1-0
Terje Lund, Verdal - Hallvar Gisnås, Orkdal 1-0
Matts Eriksen, Orkdal - Kjell Arne Lilleløkken, Verdal 0-1
Jan Arve Bjørgvik, Verdal - Åsmund Forfang, Orkdal 1/2 - 1/2
Lars Lium, Orkdal - Kent Ove Snekkermo, Verdal 0-1

Analyse- og treningskveld 2. november

27 Oct 2009 skrevet av asmund
Måndag 2. november analyserer vi parti og har ein rein treningskveld. Møt opp!

Haustturneringa avgjort

27 Oct 2009 skrevet av asmund
To parti i runde 6 og eitt parti i runde 7 vart spelt i går kveld.

Matts stod utan poengtap før sitt parti mot ratingfavoritt Kjell Næssvold i 6. runde. Ganske likt spel gjennom partiet. men Matts pressa mot kongestillinga til Kjell, som oversåg eit drepande bondetrekk og måtte innsjå nederlaget.

Dermed har Matts vunne haustturneringa ein runde før slutt; han har walkover i siste runde.

Åsmund kapra andreplassen ved å vinne over Richardson i eit 7.-rundeparti. Richardson sleppte ned ein springar i ei anna rute enn han hadde planlagt og stod straks til reint tap. Synd. Åsmund har avgitt 1 1/2 poeng, alle andre har avgitt meir, og Åsmund er ferdig med sine parti.

Det vart remis i 6. runde mellom Rudi og Lars - Lars spelte med ryggen mot veggen for remis med ein offiser under og med fribonde for Rudi, og Lars fekk betalt for den innbitte innsatsen.

Berre eitt parti står att av turneringa: Lars Lium - Kjell Næssvold. Det blir ein kamp om tredjeplassen.

Resultat:
6. runde
Kjell Næssvold - Matts Eriksen 0-1
Rudi Kilen - Lars Lium 1/2-1/2
7. runde
Åsmund Forfang - Richardson Fernandes 1-0


<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews