Nyheter


Resultat første kveld, hurtigsjakk

28 Aug 2024 skrevet av asmund
Første kveld med haustens hurtig- og lynsjakkturnering kom i gang tirsdag 27. august. Som meldt før blir alle klubbkveldar rekna som ei stor turnering, med poengberekning, og med pengepremiar til dei beste ved sesongslutt.

Resultat første kveld:
Kjell Næssvold 15 poeng (av 15), Lars Lium 12, Matts Eriksen 10, Åsmund Forfang 9, Arne Samskott 7, Teo Kimura Vatn 7.

Premiering i hurtig- og lynsjakk på sjakkveldane i Orkland sjakklubb

30 Jul 2024 skrevet av asmund
I haust blir alle spelekveldar med hurtigsjakk, lynsjakk eller Fischer-sjakk rekna som ei felles turnering med eit samla resultat etter haustsesongen - med premiering: 1000 kroner til nr. 1, 750 for andreplass, 500 for tredjeplass.

Det blir eit eige poengsystem med poeng også for tap, som altså gir ekstrapoeng for oppmøte. Lynsjakk: 1/2 poeng for tap, 1 poeng for remis, 1 1/2 poeng for seier. Hurtigsjakk: 1 poeng for tap, 2 poeng for remis, 3 poeng for seier.

TERMINLISTA for hausten er lagt ut på OM OSS.

Hausten i sjakklubben startar 27. august

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Velkommen til haustoppstart i sjakklubben tirsdag 27. august kl. 18.30. Vi startar med ein runde hurtigsjakk.

Tirsdagen etterpå, 3. september, gjennomfører vi første runde i haustturneringa i langsjakk. Der blir det pengepremiar som i klubbturneringa i vår: 1000 kroner til nr. 1, 750 for andreplass, 500 for tredjeplass, dessutan 500 for beste kadett og 500 for beste junior.

Du kan melde deg på haustturneringa til Åsmund Forfang, e-post aforfang@gode-manus.no / tlf. 913 25 872. Det vil også etter kvart bli lagt ut påmelding på nett.

Sjakkfeiden - Trøndelag mot Jämtland/Härjedalen i Östersund 24.-25. august

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Den årlege sjakkfeiden mot Jämtland/Härjedalen blir arrangert i Östersund 24.-25. august, med langsjakk 24. og hurtigsjakk 25. august. Det er også muleg å melde seg på middagen om kvelden.

Påmelding må skje til Terje Lund, e-post: t-lun@online.no

Informasjon om turneringa finn du her.

Levanger GP 13.-15. september

30 Jul 2024 skrevet av asmund
Levanger sjakklubb er 100 år i år og arrangerer ei jubileumsturnering i langsjakk 13.-15. september, med ei innlagt lynsjakkturnering om kvelden 14. september. Meld deg på her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 ... 27 ... 29 ... 31 ... 33 ... 35 ... 37 ... 39 ... 41 ... 43 ... 45 ... 47 ... 49 ... 51 ... 53 ... 55 ... 57 ... 59 ... 61 ... 63 ... 65 ... 67 ... 69 ... 71 ... 73 ... 75 ... 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... 239 ... 241 ... 243 ... 245 ... 247 ... 249 ... 251 ... 253 ... Next >>

Powered by CuteNews