Nyheter


Vårsesongen begynner

06 Jan 2009 skrevet av asmund
Første kveld i Orkdal Sjakklubb i vårsesongen blir måndag 12. januar, som vanleg kl. 19.00 på Strandheim. Terminlista blir laga først etter denne første kvelden

Klubbmesterskapet i langsjakk startar 26. januar - vi ber folk melde seg på så fort som muleg, gjerne no den første måndagen.

Ellers blir det mindre lynsjakk og meir hurtigsjakk i vårsesesongen. Vi gjennomfører ei såkalla Konrad-turnering, dvs. ei samanlagtturnering i hurtigsjakk utover våren der du ikkje behøver å møte opp kvar gong. Dei som møter opp, får motstandarar blant dei andre frammøtte. Altså kan antal parti bli ulikt på dei ulike deltakarane. Poeng blir rekna slik: 3 poeng for seier, 2 for uavgjort, 1 for tap - dette for å honorere oppmøte.

Velkommen til ny sesong!

Kjell Næssvold klubbmester i lynsjakk

16 Dec 2008 skrevet av asmund
Årsmøte med påfølgjande klubbmesterskap i lynsjakk i går, måndag.

Årsmøtet gjekk fredeleg for seg - nye styremedlemmer vart Matts Eriksen (gjenval) og Hallvar Gisnås (ny), varamedlem Anders Husdal (gjenval). Klubben går greitt økonomisk - eit lite overskudd i 2008.

Kveldens høgdepunkt vart så klubbmesterskapet i lynsjakk, 7 deltakarar med ein dobbeltrunde. Richardson måtte gå etter halvspelt mesterskap, derfor berre 11 rundar.

Spenninga heldt seg heilt til siste runde, da hadde Kjell eit forsprang på 1 poeng til Matts. Matts vann på sitt bord - og Kjell slo Åsmund og vart klubbmester. Mykje vilt spel og mange bråe mattar, som det skal vere ved ein sånn anledning.

Resultat:
Kjell Næssvold 10 (av 11)
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 7
Lars Lium 4
Marius Eriksen 3
Rudi Kilen 2
Richardson Dayvid Fernandes 0

Årsmøte og KLUBBMESTERSKAP I LYN 15. desember

08 Dec 2008 skrevet av asmund
Velkommen til klubbmesterskap i lynsjakk måndag 15. desember kl. 19.00 på Strandheim! Pokal til vinnaren.

Før klubbmesterskapen held vi årsmøte i Orkdal Sjakklubb. Vanlege årsmøtesaker. Pizza og mineralvatn.

Lynkveld 8. desember

08 Dec 2008 skrevet av asmund
Fire medlemmer var møtt fram til lynkveld 8. desember - seinare dukka ein femte opp. Altså to lynomgangar - først ein dobbeltrunde med fire, så ein enkeltrunde med fem deltakarar. Matts nesten utilnærmeleg i begge ...

Resultat:
1
Matts Eriksen 5,5 (av 6)
Åsmund Forfang 4,5
Rudi Kilen 2
Shamil Shkalahov 0

2
Matts Eriksen 4 (av 4)
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 2
Lars Lium 1
Shamil Shkalahov 0

Kjell Næssvold vinnar av haustturneringa

01 Dec 2008 skrevet av asmund
Favorittseier i siste runde til Kjell Næssvold, og han vart dermed vinnar av turneringar med full pott. Gratulerer!

Resultat siste runde:

Kjell Næssvold - Åsmund Forfang 1-0
Rudi Kilen - Matts Eriksen 0-1
Gunnar Gisnås - Richardson Dayvid Fernandes 1-0

Sluttstilling haustturneringa:
Kjell Næssvold 6 (av 6)
Åsmund Forfang 4 1/2
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 2 1/2
Lars Lium 2 (Lars dømt før Richardson på lista på kvalitetspoeng)
Richardson Dayvid Fernandes 2
Gunnar Gisnås 1

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews