Nyheter


Hurtigsjakk-seier til Åsmund - og så begynner langsjakken

02 Sep 2008 skrevet av asmund
Vi som sat på sjakkbordet på Ørkdalsdåggån i helga, hadde det hyggeleg - ikkje så reint få kom til bordet og spelte, og Claudio frå Chile oppdaga oss og var på sin første klubbkveld i går, måndag.

Der møtte sju medlemmer opp til hurtigsjakk over fem rundar, ti minutt på klokka til kvar. Resultat:
Åsmund 5
Matts 4
Gunnar 3
Clauido 3
Marius 2
Rudi 2
Shamil 1

Kommande måndag startar haustturneringa i langsjakk, 90 minutt på 40 trekk, 30 minutt på resten. Turneringa går over sju rundar.

Ny terminliste

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Etter å ha konferert med medlemmene på siste klubbkveld er terminlista endra, slik at haustturneringa i langsjakk først begynner 8. september.
Den nye terminlista er lagt inn på sida "Om oss".

Orkdal sjakklubb på Ørkdalsdåggån

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Vi stiller med bord og brett på klubbhuset i Tråvparken på Fannrem under Ørkdalsdåggån til helga.

Der kan sjakkinteresserte møte oss over brettet til uhøgtideleg spel - eller dei kan satse ein tikroning og få tilbake tjue om dei slår oss ...

Det blir fredag, laurdag og søndag: Frå klokka 16.00 på fredag og frå kl. 12.00 på laurdag og søndag.

Fem strake til Kjell Næssvold i hurtigsjakk

26 Aug 2008 skrevet av asmund
Fem medlemmer på plass for å utkjempe ein hurtigsjakkdyst på Strandheim i går kveld. Kjell Næssvold gjekk til topps med full pott, sjølv om ein av seirane var litt heldig ...

Kjell Næssvold 5 (av 5)
Matts Eriksen 3,5
Åsmund Forfang 3,5
Richardson Dayvid Fernandes 2
Rudi Kilen 1

Lyn-Matts til topps

19 Aug 2008 skrevet av asmund
Etter ein motorsykkelferie med ein innlagt heiderleg innsats på Kafésjakken i Bergen stilte Matts Eriksen opplagt og i form på første spelekveld i haust. Han gjekk like godt til topps i begge dei to doble lynrundane og stakk av med twistposen.

Neste måndag er det hurtigsjakk - og påmelding til haustturneringa!

Terminlista er no lagt inn på sida "Om oss".

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews