Nyheter


19. mars: Triatlon, ikkje klubbmesterskap

13 Mar 2007 skrevet av asmund
Fordi litt for mange ikkje kan komme den 19. mars, utset vi neste runde av klubbmesterskapet til den 26. mars. I staden blir det ein ny runde triatlon, dvs. lyn-, hurtig- eller tidshandikapsjakk. Ettersom begge turneringsledarane blir borte, må dei oppmøtte sjøl bestemme konkurranseform ...

Tidshandikap - og to utsette parti

13 Mar 2007 skrevet av asmund
Tidshandikapkveld med 7 deltakar den 12. mars. Dvs. det var fem deltakarar, men Marius og Shamil avvikla det utsette klubbmesterskapspartiet så fort at dei slutta seg til forsamlinga. Og seierherre utan å avgi eit einaste halvpoeng vart Rudi. Gratulerer!

Resultat:
Rudi Kilen 5 (av 5)
Marius Eriksen 3 1/2
Lars Lium 3 1/2
Åsmund Forfang 3
Shamil Shkalahov 2
Richardson Dayvid Fernandes 1
Endre Bjørgum 0

To utsettparti vart spelt.
Marius og Shamil spelte eit vilt og kaotisk parti der Marius gjekk seirande ut.
Matts og Bjarne spelte seg fram til poengdeling, etter at Bjarne stilte opp godt forberedt på ein spesialvariant av Caro-Kann, der han lurte Matts opp i stry. Matts tilbaud remis etter å ha plassert to tårn parat til å gå i gaffelen til Bjarnes springar, og Bjarne var altfor ivrig framme med labben og godtok remistilbodet!

Resultat:
Marius Eriksen - Shamil Shkalahov 1-0
Matts Eriksen - Bjarne Solstad 1/2-1/2

Uavgjort mot Svartlamon 2

11 Mar 2007 skrevet av asmund
Vi klarte berre uavgjort mot Svartlamon 2 søndag 11. mars. "Berre" - fordi Åsmund på tredjebordet regelrett tulla bort eit fullstendig vunne parti med ein ugarderleg matt i den store tidsnøda han kom i.

På førstebordet låg Matts ei stund risikabelt an gjennom ei infernalsk løparplassering som Dag Wessel-Berg sette opp. Men så spelte han seg ut av situasjonen, kom raskt på offensiven og ordna partiet.
På andrebordet fekk Svartlamons Jan-Olav Næss lite ut av eit løparoffer for å komme seg inn i kongestillinga til den langt rokerte kongen til Hallvar. Frå da av var partiet fullt og heilt i Hallvars hender.
På tredjebordet gjekk det altså gale imot Svartlamons Claes Höglund. Sett under eitt var det kanskje rettferdig, ettersom Åsmund bukka ein bonde i opninga og låg under det meste av partiet. Men han fekk opp eit voldsomt angrep som resulterte i ei stilling med tvungen matt - men fekk panikk i tidsnøda og tulla fælt.
På fjerdebordet låg Rudi likt med motstandaren, Frank Storsve, i store delar av partiet - men eit par feiltrekk, så var stillinga ugjenkalleleg tapt.

Resultat:
Matts Eriksen, Orkdal - Dag Wessel-Berg, Svartlamon 1-0
Jan-Olav Næss, Svartlamon - Hallvar Gisnås, Orkdal 0-1
Åsmund Forfang, Orkdal - Claes Höglund, Svartlamon 0-1
Frank Storsve, Svartlamon - Rudi Kilen, Orkdal 1-0

Alle partia er lagt inn i basen "Midtnorgeserien 2006/2007". Hallvar og Åsmund har fyldige kommentarar til partia sine der.

Endeleg ny seier i seriesjakken - og på søndag ventar Svartlamon

10 Mar 2007 skrevet av asmund
Orkdal slo Trondheims 5.-lag 3 1/2 - 1/2 i seriesjakken laurdag 10. mars.
Halvpoenget kom overraskande nok på førstebordet, der Matts lenge stod til krystallklar seier i eit skotsk parti mot Karl Eirik Ødegaard, men spelte ein del unøyaktige trekk i siste halvdel og kom opp i eit sluttspel som var dønn remis.
På andrebordet valte Trondheims Sigurd Stenvik å bytte dronning på feil tidspunkt i eit nokså livleg spansk parti, og etterpå stod Åsmund til klar seier, som han spelte greitt i land.
Lars på tredjebord fekk etter kvart eit godt tak på partiet mot Ole Jacob Hegelund, og etter 59 trekk sette han motstandaren godt matt.
På fjerdebordet gjekk dei nesten 50 trekka raskt unna, og Bjarne vart ståande betre og betre mot Daniel Elstad dess lenger partiet gjekk, og tok heim heile poenget.

Resultat:
Karl Eirik Ødegaard, Tr.h. - Matts Eriksen, Orkdal 1/2-1/2
Åsmund Forfang, Orkdal - Sigurd Stenvik Tr.h. 1-0
Ole Jacob Hegelund, Tr.h. . Lars Lium, Orkdal 0-1
Bjarne Solstad, Orkdal - Daniel Elstad, Tr.h. 1-0

Alle partia er lagt inn i basen "Midtnorgeserien 2006/2007".

På søndag ventar Svartlamon Sjakklags 2.-lag.

Lars klarer brasane!

05 Mar 2007 skrevet av asmund
Lars er utan tap og leder klubbmesterskapet så langt, etter at han fekk overtaket på Åsmund da Åsmund begjekk ein kjempeblunder i befippelse over at Lars gjorde eit trekk han hadde analysert som dårleg. Rein offisersbukk og tapt parti på direkten.
Rudi kapra ein offiser av Endre alt i opninga, og Endre gav opp etter nokså få trekk.
Emil og Richardson utkjempa ein kongegambit med Emil som kvit, sjølvsagt. Emil fekk altfor lite igjen for den ofra bonden, men Richardson spelte upresist mot slutten, og Emil drog poenget i hamn.
Ellers vart to parti utsett.

Resultat:
Lars Lium - Åsmund Forfang 1-0
Matts Eriksen - Bjarne Solstad (uts.)
Endre Bjørgum - Rudi Kilen 0-1
Marius Eriksen - Shamil Shkalahov (uts.)
Emil Mona - Richardson Dayvid Fernandes 1-0

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 159 160 161 162 163 164 165 166 167 168 169 170 171 172 173 174 175 176 177 Next >>

Powered by CuteNews