Nyheter


Klubbmesterskapet endeleg avgjort

30 Aug 2010 skrevet av asmund
Det måtte to hurtigsjakkparti og to lynparti til før klubbmesterskapet - som hang over frå i vår - vart avgjort. Etter ferdispelt turnering i mai stod nemleg Kjell Næssvold og Matts Eriksen heilt likt, med 4,5 poeng og også like kvalitetspoeng.

I omspelet i kveld stod det 1-1 etter dei to hurtigsjakkpartia, først vann Matts med svart, så Kjell med svart. I det første lynpartiet stod vel Matts dårlegast, men Kjell glømte tida, og i tidsnøda hans fekk Matts inn ein matt. I andre parti, ein kongegambit med Kjell som kvit, spelte Matts ein innøvd og ekkel offervariant, kom fort på offensiven og avgjorde partiet i god tid før tida gjekk ut.

Altså: Gratulasjonar til Matts Eriksen for enda eit klubbmesterskap!

Resultat klubbmesterskapet 2010:
Matts Eriksen 4,5 (av 5)
Kjell Næssvold 4,5
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2
Rudi Kilen 1
Richardson Fernandes 0

Haustprogram med triatlon og mykje meir

24 Aug 2010 skrevet av asmund
Det blir eit varierande program i haustsesongen i sjakklubben:

Haustturneringa begynner 6. september. Antal rundar blir bestemt av kor mange som melder seg på.

Før det, 30. august, skal Matts Eriksen og Kjell Næssvold ut i eit omspel om klubbmestertittelen - dei to hamna i delt tet etter siste spelekveld i vår. I omspelet skal dei først gjennom to hurtigparti (15 minutt kvar), så om nødvendig to lynparti (5 minutt kvar), og er det ikkje avgjort da, må dei gjennom eit såkalla armageddonparti, dvs. at kvit får 6 minutt, svart 5 minutt, og at kvit må vinne, alt anna gir seier til svart.

Dei andre frammøtte 30. august speler hurtigsjakk, 10 minutt kvar.

13. september planlegg vi "triatlon" heime på garden til Lars Lium i Hoston, med greinene skotthyll, pilkast og sjakk, med handikaptillegg iallfall i skotthyll og sjakk.

Terminlista vidare blir bestemt når påmeldinga til haustturneringa er unnagjort.

Kjell Næssvold til topps i sesongens innleiande lyn

24 Aug 2010 skrevet av asmund
Fem frammøtte på opningskvelden 23. august. I ein dobbel lynrunde gjekk Kjell til topps og mangla berre eit halvpoeng på full pott. Men det sat langt inne - minst ein gong fekk han god hjelp av klokka ...

Resultat:
Kjell Næssvold 7,5 (av 8)
Åsmund Forfang 5,5
Matts Eriksen 5
Lars Lium 1,5
Rudi Kilen 0,5

Kristiansund Grand Prix 26.-29. august - møt Carlsen, Anand, Polgar, Hammer

22 Aug 2010 skrevet av asmund
Årets storturnering i landsdelen vår blir gjennomført i Kristiansund kommande helg. Gå inn her og meld deg på!

Lyst til å vere med på Sjakkfeiden i Østersund 4.-5. september?

22 Aug 2010 skrevet av asmund
Årets landsdelskamp mellom Trøndelag og Jämtland skal gå av stabelen i Østersund helga 4.-5. september. Har du lyst, har du lov - gå inn på heimesida til Sjakkfeiden her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 204 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... Next >>

Powered by CuteNews