Nyheter


Orkdal på 17. plass i NM for lag i Kristiansund

23 Oct 2017 skrevet av asmund
Sist helg, 20.-22. oktober, stilte Orkdal sjakklubb for første gong lag i NM i lagsjakk, som vart arrangert i Kristiansund. Resultatet vart heilt greitt, ein 17. plass totalt av 40 deltakarlag, og ein 5. plass av 9 deltakarlag i ratinggruppa 1500-1750. Vi fekk 6 poeng på 12 kampar, dvs. halv score. I 3. runde 21. oktober var vi oppe på 5. bord og fekk partia våre overført direkte på nettet på ChessBomb.com. Der finn du dei, med evaluering av trekka, her (klikk deg inn på runde 3). Utan evaluering kan du også finne dei hos Turneringsservice, her.
Om vi ikkje kom heilt på topp, så toppar i det minste ein av spelarane våre ratingprestasjonslista i turneringa. Vår nye medlem Thor Kristian Strøm Karlsen står oppført med ein FIDE-ratingprestasjon på 3300! Kva slags matematikk som ligg bak, aner vi ikkje, men moro er det.
Resultata i turneringa finn du her.

3. runde i haustturneringa tirsdag 24. oktober

19 Oct 2017 skrevet av asmund
Vi avviklar full 3. runde i haustturneringa tirsdag 24. oktober. Klokkene blir starta kl. 19.00 om ingenting anna er avtalt.

Oppsett:
Matts Eriksen - Åsmund Forfang
Hans B. Andreasen - Jørn Leistad
Rudi A Kilen - Atle Asbøll Magnussen
Petter Brede Kvernberg - Tom Magnussen
Thor Kristian Strøm Karlsen - Richardson Fernandes
WO Arne Samskott

Siste parti i 2. runde i haustturneirnga

19 Oct 2017 skrevet av asmund
Tirsdag 17. oktober vart eit parti i 2. runde avvikla:
Thor Kristian Strøm Karlsen - Matts Eriksen 0-1

Hurtigsjakk + utsette langsjakkparti tirsdag 17. oktober

11 Oct 2017 skrevet av asmund
Velkommen til hurtigsjakk-kveld tirsdag 17. oktober kl. 19.00.

Dessutan blir det spelt to utsette parti i haustturneringa:
Thor Kristian Strøm Karlsen - Matts Eriksen
Jarle Bryne - Richardson Fernandes

Haustferie 10. oktober

06 Oct 2017 skrevet av asmund
Også sjakklubben har haustferie tirsdag 10. oktober.
Neste spelekveld er tirsdag 17. oktober.

<< Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... Next >>

Powered by CuteNews