Nyheter


Årsmøte / Åpent klubbmesterskap i lynsjakk tirsdag 17. desember

11 Dec 2013 skrevet av asmund
Tirsdag 17. desember avviklar vi først årets årsmøte, med faste postar. Deretter blir det vårt tradisjonelle åpne klubbmesterskap i lynsjakk.

Velkommen!

Kjell Næssvold vinnar av haustturneringa

11 Dec 2013 skrevet av asmund
Det avgjerande partiet i haustturneringa mellom Matts Eriksen og Kjell Næssvold vart spelt i går, 10. desember - eit godt parti som endte remis etter ca. 50 trekk. Dermed måtte Kjell gjennom turneringa berre avstå dette halve poenget og tok i land seieren.

Sluttstillinga:

Kjell Næssvold 5,5 (av 6)
Matts Eriksen 5
Åsmund Forfang 3,5
Lars Lium 3
Pål Smebye 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 1

"Den store griseturneringen" onsdag 11. desember

09 Dec 2013 skrevet av asmund
SMPOAÅ - Sjakklubben mot posisjonsspill og annen åpningsteori - arrangerer si tradisjonelle Griseturnering i Trondheim førstkommande onsdag, ei lynturnering over 9 rundar.

Gå hen og meld deg på!

Informasjon og påmelding her.

Tap 2,5-1,5 mot Svartlamon

08 Dec 2013 skrevet av asmund
Orkdal tapte mot Svartlamon i seriesjakken søndag med siffera 2,5-1,5. Åsmund Forfang, Lars Lium og Arne Samskott spelte remis på 1., 2. og 4. bord. Rudi Kilen på 3. bord var uheldig og bukka dronninga i ei fullstendig overlegen stilling og tapte dermed partiet.

Remisane på både 2. og 4. bord var greie, men på 1. bord kunne det ha gått mot tap, etter at Åsmund ved eit lite feiltrekk spelte bort ei svært sterk stilling. Men fribonden på 7. rad var såpass farleg at Wullum frå Svartlamon tilbaud remis.

Nest siste spelekveld før jul: lyn + siste parti haustturneringa

04 Dec 2013 skrevet av asmund
Tirsdag 10. desember blir siste vanlege spelekveld i år, før vi held årsmøte med klubbmesterskap i lyn 17. desember.

10. desember må da det avgjerande partiet i haustturneringa spelast:
Matts Eriksen - Kjell Næssvold

Kjell greier seg med uavgjort for å vinne turneringa, Matts må vinne partiet.

Dei øvrige speler lyn som trening til klubbmesterskapet den 17.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 Next >>

Powered by CuteNews