Nyheter


Ny lynseier til Kjell Næssvold

09 Dec 2009 skrevet av asmund
Etter siste vanlege spelekveld sist måndag seglar vel Kjell opp som ein favoritt til klubbmesterskapet i lyn som skal avviklast kommande måndag, som blir siste klubbkveld før jul.

Resultat lyn 7. desember:
Kjell Næssvold 7 (av 8)
Matts Eriksen 5
Rudi Kilen 4
Åsmund Forfang 4
Shamil Shkalahov 0

Tap mot Trondheim 2

06 Dec 2009 skrevet av asmund
Så vart det tap mot Trondheim 2 i dag. Kjell på 1. bord og Åsmund på 5. bord tapte, mens Anders, Hallvar og Matts spelte remis. Vi hadde stilling på fleire av bretta til å komme betre ut av det - Åsmund stod til klar fordel inntil han snubla i eit par forsvarstrekk, og Hallvar stod så godt at han kunne ha fått meir enn det halve poenget.

Men altså: 3 1/2 - 1 1/2 til Trondheim 2.

Seriesjakk mot Trondheim 2 på søndag

30 Nov 2009 skrevet av asmund
Ny runde i 1. divisjon Midt-Norge på søndag, og vi får besøk av andrelaget til Trondheim sjakkforening.

Vi må vel gi gjestene eit favorittstempel, men tanken vår er å kunne bite frå oss litt også.

Oppstart klokka 11 på Strandheim. Kom og sjå.

Lyn ved inngangen til advent

30 Nov 2009 skrevet av asmund
På laurdag og søndag hadde vi stand på Orkdalsmessa - stor tilstrømming av ungar som boltra seg ved sjakkbrettet!

I dag måndag møttest seks medlemmer til lyn på Strandheim. Resultat:

Kjell Næssvold 9 (av 10)
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 6
Rudi Kilen 3
Richardson Fernandes 3
Shamil Shkalahov 0

Orkdal sjakklubb på Orkdalsmessa 28.-29. november

26 Nov 2009 skrevet av asmund
Sjakklubben skal ha eigen stand ved Orkdalsmessa i Orklahallen laurdag 28. og søndag 29. november. Messa er åpen laurdag kl. 10-17, søndag kl. 11-17.

Vi stiller med sjakkbrett, sjakklitteratur og internettoppkopling, bl.a. til lynturneringa BNbank Blitz Norway 2009, slik at vi kan følgje partia til Magnus Carlsen på direkten.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 Next >>

Powered by CuteNews