Nyheter


Siste runde i klubbmesterskapet blir utsett

29 Apr 2008 skrevet av asmund
To av avslutningapartia i klubbmesterskapet må uansett utsettast, og derfor utset vi like godt det tredje også, slik at siste runde blir 19. mai. (12. mai er det ikkje sjakk.)

5. mai blir det hurtigsjakk/lynsjakk.

Hard batalje om twist-posen

29 Apr 2008 skrevet av asmund
Fem oppmøtte medlemmer 28. april - og harde bataljar om twist-posen!

Lars var sein i fjøset og nådde ikkje fram til den første dobbelrunden i lyn, der Matts lenge såg ut til å segle med god bør mot seieren. Så gjekk han på ein matt på grunnlinja utført av Rudi, som blir vanvittig giftig når han har gitt bort ein offiser eller tre. Når Åsmund så tok ein grusom hemn etter tapet i første runde, måtte Matts nøye seg med å bli påstpandert av innhaldet i twist-posen.

Første dobbelrunde:
Åsmund Forfang 5 (av 6)
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3
Shamil Shkalahov 0

Så dukka Lars opp etter fjøsstellet, og den andre dobbelrunden vart ein fæl btalje. Rudi fekk på nytt inn ein ugarderbar matt mot Matts på grunnlinja, og Åsmund innkasserte 3 velfortente smultringar i første runde. Så skjerpa han seg i andre runde med tre strake, to av dei heilt ufortent, ikkje minst mot Lars, som spelte nifst godt. Men klokka avgjer av og til poenga ...

Andre dobbelrunde:
Matts Eriksen 4 (av 6)
Lars Lium 3
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 2

Lars eller Matts kan bli klubbmeister

22 Apr 2008 skrevet av asmund
Før sjuande runde i klubbmesterskapet er det klart at berre Lars og Matts kan nå opp til meisterplass. Partiet mellom dei to i siste runde blir ein finalematch - dersom Lars vinn, blir han meister, mens Matts greier seg med remis.

I sjette og nest siste runde vart det den 21. april avvikla to parti:

Lars Lium - Richardson D. Fernandes 1-0
Gunnar Gisnås - Åsmund Forfang 0-1

Partiet Rudi Kilen - Shamil Shkalahov vart dømt til 1-0 pga. manglande oppmøte

Før 7. og siste runde 5. mai er stillinga denne:

Lars Lium 5 1/2 (av 6)
Matts Eriksen 5 (av 5 - har eit utsett parti igjen)
Åsmund Forfang 4 1/2
Gunnar Gisnås 3
Rudi Kilen 2 1/2
Richardson D. Fernandes 2 1/2
Shamil Shkalahov 0

Siste runde 5. mai
Matts Eriksen - Lars Lium
Åsmund Forfang - Rudi Kilen
Richardson D. Fernandes - Gunnar Gisnås
Shamil Shkalahov har WO.

Oppsett klubbmesterskapet 21. april

15 Apr 2008 skrevet av asmund
Måndag 21. april speler vi 6. runde i klubbmesterskapet:

Lars Lium - Richardson Dayvid Fernandes
Gunnar Gisnås - Åsmund Forfang
Shamil Shkalahov - Rudi Kilen
Matts Eriksen WO

Handikap-twist + lyn sist måndag

15 Apr 2008 skrevet av asmund
Fem medlemmer møttest til dyst i Orkdal sjakklubbs lokale sist måndag, til ein runde tidshandikap + 1 runde lyn. Da snur fort mange parti sånn omtrent når klokka går i mål ...

Resultat

Åsmund Forfang 8 (av 8)
Lars Lium 5 1/2
Rudi Kilen 3 1/2
Gunnar Gisnås 2 1/2
Shamil Shkalahov 1/2

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 ... 161 ... 163 ... 165 Next >>

Powered by CuteNews