Nyheter


Årsmøtet 2011

19 Dec 2011 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla i kveld. Det vart gjenvalg over heile linja: Åsmund Forfang (formann), Rudi Kilen (kasserar), dessutan Matts Eriksen og Hallvar Gisnås, som ikkje var på valg i år. Vara: Richardson Fernandes. Revisor: Kjell Næssvold. Valgkomiteen: Lars Lium (formann), Arne Samskott.

Rekneskapen var gjort opp med eit overskot på ca. 1400 kroner.
Klubbkontingent i 2012: 600 kroner.

Hugs årsmøte - med klubbmesterskap i lyn

12 Dec 2011 skrevet av asmund
Vi minner om årsmøtet i Orkdal sjakklubb måndag 19. desember.

Vanlege årsmøtesaker.

NB! NYTT LOKALE PÅ FOLLO (Orkdal vidaregåande skole):
C-bygget (fløya lengst mot sør, med inngang som vender mot det gamle "gulbygget"), rom C 10

Etter årsmøtet avviklar vi årets klubbmesterskap i lyn. Mesterskapet er åpent, så medlemmer i andre klubbar kan også stille opp.

Velkommen!

Kjell Næssvold til topps i haustturneringa

12 Dec 2011 skrevet av asmund
Enkelte overraskande resultat i kveldens runde, som var den siste i haustturneringa. Arne fekk sin første seier i turneringa idet Matts måtte bite i det sure graset - begge begjekk store tabbar, den største vart til slutt avgjerande.

Resultat i kveld:
Kjell Næssvold - Åsmund Forfang 1/2-1/2
Rudi Kilen - Lars Lium 1-0
Arne Samskott - Matts Eriksen 1-0

Sluttstilling i turneringa:

Kjell Næssvold 4 1/2 (av 5)
Åsmund Forfang 3
Lars Lium 2 1/2
Matts Eriksen 2
Rudi Kilen 2
Arne Samskott 1

Orkdal sjakklubb skifter rom

12 Dec 2011 skrevet av asmund
Frå og med i kveld (12. desember) skifter sjakklubben rom på Follo (Orkdal vidaregåande skole), frå G-bygget til rom C 10 i C-bygget, fløya lengst mot sør, med inngang som vender mot det gamle "gulbygget".

Innkalling til årsmøte 2011

05 Dec 2011 skrevet av asmund
Det blir med dette kalla inn til årsmøte i Orkdal sjakklubb måndag 19. desember kl 19.00 på vanleg stad, bygg G på Follo, Orkdal vidaregåande skole.

Vanlege årsmøtesaker.

Meld innsendte saker til formannen, så kjem dei opp her på heimesida.

Valgkomitéen må sette seg i arbeid!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 175 176 177 178 179 180 181 182 183 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews