Nyheter


Kjell Næssvold lynmester også

18 Dec 2013 skrevet av asmund
Etter nettopp å ha vunne haustturneringa tok Kjell Næssvold jammen også heim lynsjakktittelen på det åpne klubbmesterskapet etter årsmøtet 17. desember. Det var nokså jamt i teten, og hadde eit par motstandarar - til og med dei næraste konkurrentane - følgt betre med på klokka til Kjell, hadde han kanskje blitt snytt for både tittelen og vinflaska som var førstepremien!

Resultat:
Kjell Næssvold 10,5 (av 12)
Matts Eriksen 9
Åsmund Forfang 8,5
Lars Lium 5
Rudi Kilen 5
Arne Samskott 2
Pål Smebye 2

Matts Eriksen ny formann

18 Dec 2013 skrevet av asmund
På årsmøtet 17. desember overtok Matts Eriksen som formann i Orkdal Sjakklubb etter Åsmund Forfang.

Årsmøte / Åpent klubbmesterskap i lynsjakk tirsdag 17. desember

11 Dec 2013 skrevet av asmund
Tirsdag 17. desember avviklar vi først årets årsmøte, med faste postar. Deretter blir det vårt tradisjonelle åpne klubbmesterskap i lynsjakk.

Velkommen!

Kjell Næssvold vinnar av haustturneringa

11 Dec 2013 skrevet av asmund
Det avgjerande partiet i haustturneringa mellom Matts Eriksen og Kjell Næssvold vart spelt i går, 10. desember - eit godt parti som endte remis etter ca. 50 trekk. Dermed måtte Kjell gjennom turneringa berre avstå dette halve poenget og tok i land seieren.

Sluttstillinga:

Kjell Næssvold 5,5 (av 6)
Matts Eriksen 5
Åsmund Forfang 3,5
Lars Lium 3
Pål Smebye 2
Rudi Kilen 1
Arne Samskott 1

"Den store griseturneringen" onsdag 11. desember

09 Dec 2013 skrevet av asmund
SMPOAÅ - Sjakklubben mot posisjonsspill og annen åpningsteori - arrangerer si tradisjonelle Griseturnering i Trondheim førstkommande onsdag, ei lynturnering over 9 rundar.

Gå hen og meld deg på!

Informasjon og påmelding her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 162 163 164 165 ... 167 ... 169 ... 171 ... 173 ... 175 ... 177 ... 179 ... 181 ... 183 ... 185 ... 187 ... 189 ... 191 ... 193 ... 195 ... 197 ... 199 ... 201 ... 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 Next >>

Powered by CuteNews