Nyheter


Påmelding til vårturneringa i langsjakk

12 Jan 2015 skrevet av asmund
Det blir påmelding til vårturneringa i langsjakk - som også er klubbmesterskap - på første speledag etter nyttår, tirsdag 13. januar. Du kan også melde deg på til turneringsledar Rudi Kilen, e-post rudi@elpro.no.
Det blir to grupper i turneringa, ei A-gruppe og ei B-gruppe, for å kunne gjennomføre den på ein praktisk måte med det antalet deltakarar vi reknar med.
Turneringsavgift: 100 kr for vaksne, 50 for junior/barn.

Tirsdag 13. januar blir det oppstart i det nye året

06 Jan 2015 skrevet av asmund
Velkommen til første spelekveld i Orkdal sjakklubb i det nye året tirsdag 13. januar. Som før kl. 18.30 i G-bygget (den låge bygningen) på Follo, Orkdal vidaregåande skole.

Kjell Næssvold kretsmester i hurtigsjakk

28 Dec 2014 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubbs Kjell Næssvold gjorde det godt i kretsmesterskapet i hurtigsjakk, som vart avvikla i Trondheim i dag, 28. desember, som ei felles turnering for Nord- og Sør-Trøndelag, altså to kretsmesterskap i eitt. Kjell oppnådde ein sterk andreplass på den samla resultatlista, 5,5 poeng av 7, eit halvpoeng bak vinnaren Øyvind Ukkelberg, Stjørdal.

Med dette vart Kjell kretsmester for Sør-Trøndelag - ettersom turneringsvinnaren altså representerte Nord-Trøndelag.

Også fire andre frå Orkdal var med: Matts Eriksen nr. 10 på den samla resultatlista, Arne Samskott nr. 16, Einar Andreas Almli nr 19 og Åsmund Almli nr. 22.

Resultatlista frå KM finn du her.

KM i hurtigsjakk 28. desember

21 Dec 2014 skrevet av asmund
Kretsmesterskapet i hurtigsjakk blir arrangert søndag 28. desember i lokala til Trondheim sjakkforening.

Informasjon og påmelding her.

Årsmøtet bestemte å arrangere ei Grand Prix-turnering i Orkdal til våren

17 Dec 2014 skrevet av asmund
Årsmøtet i Orkdal sjakklubb vart avvikla før klubbmesterskapet i lynsjakk tirsdag 16. desember.

Valg til styret: Formann Matts Eriksen og kasserar Rudi Kilen var ikkje på valg i år. Åsmund Forfang og Kjell Næssvold vart valgt til styremedlemmer for 2 år. Hans B. Andreasen vart ny varamedlem for 1 år.

Årsmøtet vedtok at klubben skal arrangere ei Grand Prix-turnering i langsjakk våren 2015. Tidspunktet er ikkje bestemt.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 Next >>

Powered by CuteNews