Nyheter


Uavgjort i seriesjakken mot SMPOAÅ

05 Dec 2010 skrevet av asmund
Orkdal kom heiderleg frå kampen mot SMPOAÅ 4. desember - 2,5-2,5 og uavgjort, riktig nok med hjelp av eit sjukdomsforfall hos motstandarane, som etter reglane gav oss poenget på 5. bord. Matts stod for vår einaste individuelle seier. Både Kjell og Åsmund kom offiser under og tapte, Lars kjempa seg opp frå tapande stilling til remis i sluttspelet.

Resultat (heimelaget SMPOAÅ oppført først):

Tormod Ingul - Kjell Næssvold 1-0
Arild Tørum - Matts Eriksen 0-1
Edvin Dybvik - Åsmund Forfang 1-0
Morten Gunnufsen - Lars Lium 0,5-0,5
(sjukdomsforfall) - Rudi Kilen 0-1

Hurtig og lyn 29. november

29 Nov 2010 skrevet av asmund
Som opplading til bortekampen mot SMPOAÅ i serierunden i 1. divisjon Midt-Norge til helga tok vi i kveld ei lita turnering med ein runde hurtigsjakk og ein runde lyn. Resultat:

Matts Eriksen 5 (av 6)
Åsmund Forfang 4
Rudi Kilen 3
Lars Lium 0

Lynsjakk 22. november

26 Nov 2010 skrevet av asmund
Det lønner seg å trene, og Rudi har trena frykteleg mykje i det siste og har komme i form! Og Matts er verkeleg i slaget, det viser innsatsen hans i eksterne turneringar i det siste også. Underteikna har hatt svært så gode ubevisste grunnar til å undertrykke tanken på å skulle skrive inn desse resultata:

Matts Eriksen 6 (av 6)
Rudi Kilen 3,5
Åsmund Forfang 1,5
Lars Lium 1

Lynrunde 15. november

15 Nov 2010 skrevet av asmund
Matts tok med seg storformen frå den siste tida inn i klubblokalet i kveld og gjekk til topps også i vårt vesle lokale oppgjer. Rudi hadde lege i trening i heile helga for å ta innersvingen på oss andre, og lykkast bra med ein klar andreplass.

Resultat:
Matts Eriksen 5 (av 6)
Rudi Kilen 3,5
Lars Lium 2,5
Åsmund Forfang 1

Matts Eriksen nesten til storfinale i lyn

15 Nov 2010 skrevet av asmund
Matts gjorde det imponerande skarpt i kvalifiseringsrunden i BNBank Blitz i Kristiansund sist helg - ein 2. plass og berre 0,5 poeng frå plass ved det 12 manns store bordet saman med stormestrar og den slags i finalen i Oslo 27. november.

Turneringsrapport frå Kristiansund finn du her.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 185 186 187 188 189 190 191 192 193 194 195 196 197 198 199 200 201 202 203 ... 205 ... 207 ... 209 ... 211 ... 213 ... 215 ... 217 ... 219 ... 221 ... 223 ... 225 ... 227 ... 229 ... 231 ... 233 ... 235 ... 237 ... Next >>

Powered by CuteNews