Nyheter


Sjakk tirsdag 15. mars

15 Mar 2022 skrevet av asmund
Velkommen til ny klubbkveld tirsdag 15. mars kl. 19.00. Som sist har vi ikkje noko spesielt program, det blir treningsparti blant dei som møter opp.

Klubbkveld tirsdag 8. mars

07 Mar 2022 skrevet av asmund
Det blir ny spelekveld i sjakklubben tirsdag 8. mars kl. 19.00. Det blir ein spelekveld utan ei formell turnering, der vi speler for moro og trening - hurtigsjakk eller lynsjakk etter smak og behag. Velkommen!

Oppstart i sjakklubben 1. mars

24 Feb 2022 skrevet av asmund
Vi startar opp igjen med aktiviteten i Orkland sjakklubb etter at koronarestriksjonane stort sett er oppheva. Første klubbkveld blir 1. mars, som vanleg kl. 19.00. Vi startar vel med ein runde hurtigsjakk for å mjuke opp litt etter opphaldet i kjøleskapet.

Årsmøtet og klubbmesterskapet i lyn AVLYST

13 Dec 2021 skrevet av asmund
På grunn av den skjerpa koronasituasjonen med nye smittevernreglar frå regjeringa utset vi årsmøtet og klubbmesterskapet i lynsjakk. Det er usikkert når vi startar opp aktiviteten vår igjen, men dei nye smittevernreglane skal i første omgang gjelde i fire veker.

Årsmøte og klubbmesterskap i lynsjakk 14. desember

09 Dec 2021 skrevet av asmund
Det blir årsmøte med vanlege årsmøtesaker i Orkland sjakklubb tirsdag 14. desember. Merk tida: kl. 18.00.

Etter årsmøtet, kl. 19.00, avviklar vi det tradisjonelle åpne klubbmesterskapet i lynsjakk. Velkommen til alle, både medlemmer og andre!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 Next >>

Powered by CuteNews