Nyheter


Barnesjakken er åpen tirsdag 9. februar

03 Feb 2021 skrevet av asmund
Restriksjonane er mindre strenge for aktivitetar for barn, og Sjakk Orkene har åpent på vanleg stad på Follo tirsdag 9. februar kl. 18.30-20.00.

Stengt ei stund til

03 Feb 2021 skrevet av asmund
Dei nye reglane for smittevern no tidleg i ferbruar gjer ikkje at vi kan opne sjakklubben igjen. Det blir altså stengt enda ei stund til. Vi legg ut melding straks det er grønt lys for aktivitetar som dette.

Ingen oppstart med det første

19 Jan 2021 skrevet av asmund
Regjeringa anbefaler også etter dei justerte koronareglane at det inntil vidare ikkje blir arrangert innandørs fritidsaktivitetar for vaksne. Vi ventar derfor med å starte opp att med klubbkveldar i Orkland sjakklubb.

Aktiviteten innstilt inntil vidare

04 Jan 2021 skrevet av asmund
Dei nye smitteverntiltaka gjer at vi må utsette oppstarten av sjakklubben i det nye året inntil myndigheitene gir grønt lys for slike aktivitetar, i første omgang fram til 18. januar.

Resultat frå klubbmesterskapet i hurtigsjakk

18 Dec 2020 skrevet av asmund
Fordi det hører med til koronareglane frå Sjakkforbundet å halde seg unna lynsjakk, vart det årlege lynmesterskapet etter årsmøtet gjort om til hurtigsjakkmesterskap over fem rundar. Det var ni deltakarar, og klubbleiar Kjell Næssvold tok seieren, ei handsbreidd før Atle Asbøll Magnussen, avgjort ved innbyrdes oppgjer, som Kjell vann. Den som hindra Kjell i å nå fem fulle poeng, var Hallvard Rise, årets klubbmester i langsjakk, i siste runde.

Resultat:
Kjell Næssvold, 4 (av 5).
Atle Asbøll Magnussen 4, Åsmund Forfang 3,5, Hallvard Rise 3,5, Lars Lium 3, Tom Magnussen 2, Rudi Kilen 2, Kacper Pawlowski 1, Amir Spjøtvold Mian 1.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 ... 144 ... 146 ... 148 ... 150 ... 152 ... 154 ... 156 ... 158 ... 160 ... 162 ... 164 ... 166 ... 168 ... 170 ... 172 ... 174 ... 176 ... 178 ... 180 ... 182 ... 184 ... 186 ... 188 ... 190 ... 192 ... 194 ... 196 ... 198 ... 200 ... 202 ... 204 ... 206 ... 208 ... 210 ... 212 ... 214 ... 216 ... 218 ... 220 ... 222 ... 224 ... 226 ... 228 ... 230 ... 232 ... 234 ... 236 ... 238 Next >>

Powered by CuteNews