Nyheter


Kom i klubben 26. mai

20 May 2008 skrevet av asmund
Dette er ei sterk oppfordring til dei i klubben som sjeldan møter opp:

Måndag 26. mai vil vi varte opp med servering, premieutdeling og første runde av vår svært så uhøgtidelege Konrad-turnering.

Så Kjell og Anders og Hallvar og alle de andre - STILL OPP!

("Konrad-turnering" er ei hurtigsjakkturnering (25 min. tenketid) over fleire kveldar etter det såkalla Konrad-prinsippet: Du treng ikkje møte opp kvar gong. Berre dei som møter opp, blir tildelt motstandarar. Det kan føre til at dei same møter kvarandre fleire gonger i same turnering. Likevel fører vi samanlagtliste. Altså ei litt uhøgtideleg turnering slik det kan passe no i mai. Poenggivinga er litt annleis enn normalt - vi honorerer oppmøte med eitt poeng, slik at seier gir 3 poeng, remis 2 og tap 1 poeng. 0 poeng berre til dei som held seg heime ...)

Rudi knekte Åsmund i klubbmesterskapet - revansje i lynrunde

20 May 2008 skrevet av asmund
Det vart avvikla berre eitt parti i klubbmesterskapet måndag 19. mai: Åsmund Forfang - Rudi Kilen.
Åsmund la ut i stort tempo og kapra snart ein offiser - han hadde berre ikkje analysert om offisersofferet til Rudi var sunt eller usunt, og fekk snart svi bittert for det. Rudi fekk opp eit angrep på direkten som viste seg så godt som umuleg å forsvare seg mot, og etter berre ein halvtimes spel måtte Åsmund gje labb.

Åsmund tok hemn i ein dobbel lynrunde for fire deltakarar etterpå:
Åsmund Forfang 5 1/2 (av 6)
Rudi Kilen 4
Gunnar Gisnås 3
Shamil Shkalahov 1/2


MEIR OM KLUBBMESTERSKAPET:

Partiet Richardson D. Fernandes - Gunnar Gisnås vart dømt til seier for Gunnar fordi Richardson ikkje møtte opp.

Partiet Matts Eriksen - Lars Lium er utsett. Dette partiet blir ein kamp om mestertittelen 2008. Matts er dømt til tap i det utsette partiet mot Richardson, fordi han ikkje gjorde seg nok tilgjengeleg til å få partiet avgjort. Stillinga før det siste partiet Matts - Lars er dermed:

Lars Lium 5 1/2
Matts Eriksen 5
Åsmund Forfang 4 1/2
Gunnar Gisnås 4
Rudi Kilen 3 1/2
Richardson D. Fernandes 3 1/2
Shamil Shkalahov 0

Dobbel lyntrunde 4. mai

20 May 2008 skrevet av asmund
Fire medlemmer stilte opp til dobbel lynrunde:

Åsmund Forfang 5 1/2 (av 6)
Gunnar Gisnås 4
Rudi Kilen 2 1/2
Richardson D. Fernandes 0

Siste runde i klubbmesterskapet blir utsett

29 Apr 2008 skrevet av asmund
To av avslutningapartia i klubbmesterskapet må uansett utsettast, og derfor utset vi like godt det tredje også, slik at siste runde blir 19. mai. (12. mai er det ikkje sjakk.)

5. mai blir det hurtigsjakk/lynsjakk.

Hard batalje om twist-posen

29 Apr 2008 skrevet av asmund
Fem oppmøtte medlemmer 28. april - og harde bataljar om twist-posen!

Lars var sein i fjøset og nådde ikkje fram til den første dobbelrunden i lyn, der Matts lenge såg ut til å segle med god bør mot seieren. Så gjekk han på ein matt på grunnlinja utført av Rudi, som blir vanvittig giftig når han har gitt bort ein offiser eller tre. Når Åsmund så tok ein grusom hemn etter tapet i første runde, måtte Matts nøye seg med å bli påstpandert av innhaldet i twist-posen.

Første dobbelrunde:
Åsmund Forfang 5 (av 6)
Matts Eriksen 4
Rudi Kilen 3
Shamil Shkalahov 0

Så dukka Lars opp etter fjøsstellet, og den andre dobbelrunden vart ein fæl btalje. Rudi fekk på nytt inn ein ugarderbar matt mot Matts på grunnlinja, og Åsmund innkasserte 3 velfortente smultringar i første runde. Så skjerpa han seg i andre runde med tre strake, to av dei heilt ufortent, ikkje minst mot Lars, som spelte nifst godt. Men klokka avgjer av og til poenga ...

Andre dobbelrunde:
Matts Eriksen 4 (av 6)
Lars Lium 3
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 2

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews