Nyheter


Likt i teten i Maisjakken

28 May 2007 skrevet av asmund
Fire deltakarar på klubbkvelden måndag 21. mai, til tredje runde med "Konrad"-hurtigturneringa Maisjakken. Dei to i teten, Matts og Kjell, møtte ikkje. Dermed benytta Åsmund sjansen til å gli opp på sida av Matts i samandraget, mens Lars no er på tredje ...

Neste runde er 4. juni.

Resultat:
Lars Lium 3 (av 3)
Åsmund Forfang 2
Rudi Kilen 1
Shamil Shkalahov 0

Samanlagt:
Matts Eriksen 5 1/2
Åsmund Forfang 5 1/2
Lars Lium 4 1/2
Kjell Næssvold 4
Rudy Kilen 2 1/2
Shamil Shkalahov 0

Kunsten å senke to stormestrar ...

21 May 2007 skrevet av asmund
Dei tre utsendte orkdalingane til Bondeofferet, i regi av den alltid tiltakslystne klubben SMPOAÅ, sanka bra med poeng i turneringa, Matts fekk til og med møte GM Kjetil Lie over brettet. Han fekk bra spel, men måtte jo gå ned til slutt.

Da gjekk det betre for oss under simultanturneringa mot dei to GM-ane Djurhuus/Lie. Ein skåre på 1 1/2 av 3 er brukbart. Åsmund vann sitt parti, og ikkje på tid, han stod faktisk best i store delar av partiet, som du kan spele gjennom frå basen vår "Parti fra GP-turneringer". Der kan du studere kunsten å senke to stormestrar ...

Resultat for orkdalingane:
Åsmund Forfang nr. 12 (av 26) med 3 poeng (av 6)
Matts Eriksen nr. 15 med 3 poeng.
Rudi Kilen nr. 22 med 2 poeng.

Åsmund har lagt ut eitt av partia sine til skrekk og advarsel på basen "Parti fra GP-turneringer". Sjekk den sluttstillinga!

Matts opp i tet i Maisjakken

15 May 2007 skrevet av asmund
Fire oppmøtte på andre kveld av Maisjakken. Kjell dukka ikkje opp, og Matts benytta sjansen til å stikke fram i teten. Her gjeld det altså å stille opp! Sjølv den som enno ikkje har deltatt, kan møte opp neste måndag og hevde seg i samandraget.

Resultat 14. mai:
Matts Eriksen 2 1/2
Åsmund Forfang 2 1/2
Rudi Kilen 1
Shamil Shkalahov 0

Samanlagt etter to kveldar:
Matts Eriksen 5 1/2
Kjell Næssvold 4
Åsmund Forfang 3 1/2
Lars Lium 1 1/2
Rudy Kilen 1 1/2
Shamil Shkalahov 0

"Maisjakken" - Kjell Næssvold i tet etter første kveld

08 May 2007 skrevet av asmund
Orkdal sjakklubb har før om åra stengt dørene ved inngangen til mai. Grunn: Ein substansiell del av medlemmene har frå da av vore engasjert i den edle sporten Skotthyll. Men no har dei ikkje-skotthyllkastande medlemmene gjort opprør! Døra inn til Orkdal sjakklubbs lokale er vidåpen kvar måndagskveld i heile mai!

Da avviklar vi "Maisjakken". Det er ei hurtigsjakkturnering (25 min. tenketid) etter det såkalla Konrad-prinsippet: Du treng ikkje møte opp kvar gong. Berre dei som møter opp, blir tildelt motstandarar. Det kan føre til at dei same møter kvarandre fleire gonger i same turnering. Likevel fører vi samanlagtliste. Altså ei litt uhøgtideleg turnering slik det kan passe no i mai.

På den første kvelden, 7 mai, møtte fem deltakarar, som spelte full Berger-runde, altså fire parti. Resultat:

Kjell Næssvold 4
Matts Eriksen 3
Lars Lium (også skotthyllkastar) 1 1/2
Åsmund Forfang 1
Rudy Kilen 1/2

Bondeofferet 2007

03 May 2007 skrevet av gunnar
Jeg vil minne om den ypperlige turneringen Bondeofferet 2007 som arrangeres 20.5. Det har vært en opplevelse å delta i denne turneringen tidligere. Se SMPOAÅ's hjemmeside for nærmere opplysninger.
Det er å håpe at mange fra Orkdal Sjakklubb kan delta. Er du heldig får du spille mot en stormester.

Spilledato: 20/05 2007
Spillested: Ringve vgs
Startavgift: 250,-
Premier: 1500,1000,600,500
+500 til beste under 1500+bøker v/minst 40 deltakere
Siste oppmøte:09.30
Påmelding: Innen 19/05 kl.20.00 på
mail til smpoaa/krøllalfa/bntv.no

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 ... 114 ... 116 ... 118 ... 120 ... 122 ... 124 ... 126 ... 128 ... 130 ... 132 ... 134 ... 136 ... 138 ... 140 ... 142 143 144 145 146 147 148 149 150 151 152 153 154 155 156 157 158 159 160 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews