Nyheter


Matts Eriksen nesten til storfinale i lyn

15 Nov 2010 skrevet av asmund
Matts gjorde det imponerande skarpt i kvalifiseringsrunden i BNBank Blitz i Kristiansund sist helg - ein 2. plass og berre 0,5 poeng frå plass ved det 12 manns store bordet saman med stormestrar og den slags i finalen i Oslo 27. november.

Turneringsrapport frå Kristiansund finn du her.

Lynsjakk 8. november

08 Nov 2010 skrevet av asmund
I kveld var det å sleike såra etter seriesjakken i helga og kople av med ein lynrunde.

Resultat:

Kjell Nædssvold 5 (av 6)
Matts Eriksen 4
Åsmund Forfang 3
Rudi Kilen 0

Tap mot Verdal i seriesjakkens 1. divisjon

07 Nov 2010 skrevet av asmund
Verdal tok med seg seieren heim frå Orkdal i dag - med siffera 1-4. Dei var klare ratingfavorittar med best rating på 4 av 5 bord. Verdals Fredrik Lindsøe på 1. bord hadde presset mot Kjell Næssvold gjennom heile det sicilianske partiet, men måtte bruke over 60 trekk for å innkassere seieren. På 3. bord stod det overraskande likt, heilt til to løparar viste seg to springarar overlegen og Verdals Pål Andreas Hansen tok seieren. Berre på 4. bord tok Orkdal poeng, ved Lars Lium.

Rasultat (Orkdals-spelarane oppført først):

Kjell Næssvold (1859) - Fredrik Lindsøe (1962) 0-1
Matts Eriksen (1596) - Terje Lund (1979) 0-1
Åsmund Forfang (1414) - Pål Andreas Hansen (1968) 0-1
Lars Lium (1268) - Knut Svensson (1206) 1-0
Rudi Kilen (994) - Per Anders Hagen (1378) 0-1

Godkjent Orkdals-innsats i Kaptein Roosen GP

04 Nov 2010 skrevet av asmund
Og meir enn godkjent er Matts Eriksens innsats - han kom på 5. plass av dei 32 deltakarane med 4 poeng av 6, og utan ein rein lapsus i vunnen stilling i siste parti ville han ha erobra tredjeplassen bak dei to 2500-spelarane IM Nikolai Ninov og GM Mihajlo Stojanovic frå Trondheim sjakkforening. Dei to var som venta i ein klasse for seg og spelte programmessig remis i det innbyrdes partiet sitt.

Våre to andre deltakarar gjorde det heilt greitt ut frå rating og motstand: Åsmund Forfang oppnådde 3 poeng, Rudi Kilen 2.

Resultatlista finn du her.

Første runde i seriesjakken søndag 7. november

02 Nov 2010 skrevet av asmund
Vi møter sterke Verdal i første runde i seriesjakkens 1. divisjon kommande søndag. Kampstart kl. 13, på Strandheim.

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 ... 60 ... 62 ... 64 ... 66 ... 68 ... 70 ... 72 ... 74 ... 76 ... 78 ... 80 ... 82 ... 84 ... 86 ... 88 ... 90 ... 92 ... 94 ... 96 ... 98 ... 100 ... 102 ... 104 ... 106 ... 108 ... 110 ... 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... 165 Next >>

Powered by CuteNews