Nyheter


Sjette dag i sjakk-NM i Trondheim

17 Jul 2014 skrevet av asmund
Tre tap, ein seier og ein remis, altså ein nokså mørk dag for deltakarane frå Orkdal sjakklubb.

Den eine seieren kom av at Åsmund Forfang slo klubbkollega Lars Lium. Lars ramlar dermed med sine 3,5 poeng nedover resultatlista i klasse 3 til 25. plass, mens Åsmund etter ein nokså rufsete start sakte nærmar seg toppsjiktet og no ligg på 12. plass med 4,5 poeng av 7.

Hans A. Andreasen spelte remis også i dag og ligg på 32. plass i klasse 3 med 3,5 poeng, mens Rudi Kilen måtte tåle eit tap etter gevinsten i går og er på 21. plass i klasse 4, også med 3,5 poeng

Også miniputten vår, Einvind Andreas Almli, måtte tåle eit tap i dag, men 3 poeng på 7 rundar er bra for ein som er så ny i gamet.

Femte dag i sjakk-NM i Trondheim

16 Jul 2014 skrevet av asmund
Brukbar dag samla sett for orkdalingane i dag: to seirar, to remis og eitt tap.

Men Lars Lium, som starta med å sanke poeng etter poeng, har komme inn i ein tung fase i turneringa og gjekk på sitt andre tap på rad i dag. Dermed fall han ned til 15. plass i klasse 3 med sine 3,5 poeng av 6 mulege.

Hans B. Andreasen og Åsmund Forfang, også i klasse 3, tok kvar sin remis, Åsmund etter å ha oversett ein tvungen remisvariant i ei overlegen stilling. Hans ligg på 28. plass med 3 poeng, Åsmund på 20. plass med 3,5 poeng.

Både Rudi Kilen i klasse 4 og Eivind Andreas Almi i miniputtklassen revansjerte seg i dag og vann partia sine. Rudi ligg no på 19. plass med 3,5 poeng. Eivind Andreas har komme opp i 3 poeng og er nr. 28. Fin innsats av nykommaren vår!

I morgon blir det nytt internoppgjer i klasse 3: Lars Lium - Åsmund Forfang.

Fjerde dag i sjakk-NM i Trondheim

15 Jul 2014 skrevet av asmund
To seirar, to tap og ein remis vart resultatet for orkdalingane i dag.

Eivind Andreas Almli i miniputtklassen fekk endeleg ein ny seier og står med 2 poeng etter fem parti.

Den andre seieren stod Åsmund Forfang for og har fått fart på brikkene og har no 3 poeng i klasse 3 og ligg dermed på 21. plass.

Lars Lium, som låg på andreplass i klasse 3 før dette partiet, tapte derimot og har altså framleis 3,5 poeng, på ein sjuandeplass.

Også Hans B. Andreasen gjekk på eit tap i dag og ligg på 27. plass med 2,5 poeng.

Rudi Kilen hadde tidenes enklaste sjanse til å ro partiet i land til seier, men glømte rett og slett å gjere det nødvendige trekket, gjorde eit anna i staden og oppnådde berre remis. Han har 2,5 poeng og ligg på 20. plass i klasse 4.

Tredje dag i sjakk-NM i Trondheim

14 Jul 2014 skrevet av asmund
Ein brukbar dag for orkdalingane ...

Lars Lium gjer det framleis skarpt, og etter ein seier og ein remis i dag ligg han på andreplass i klasse 3, med ein ratingprestasjon på 1708. 3 1/2 poeng på fire parti av totalt ni.

Også Hans A. Andreasen og Åsmund Forfang skåra 1 1/2 poeng i dag. Hans ligg på 15. plass med 2 1/2 poeng og Åsmund på 33. plass med 2 poeng i klasse 3.

Rudi Kilen i klasse 4 fekk ein seier og eitt tap i dag og ligg på 24. plass med 2 poeng.

Eivind Andreas Almli har møtt hard motstand i miniputtklassen etter den seieren første dag og fekk to tap i dag.

Andre dag i sjakk-NM i Trondheim

13 Jul 2014 skrevet av asmund
Ein dag midt på treet for Orkdals-spelarane.

Lars Lium og Hans B. Andreasen møttest til internt oppgjer. Lars kom seg ut av eit vedvarande press mot stillinga og avslutta med ein sedvanleg knyttneve som fekk Hans til å strekke labb. Lars ligg med dette på 5. plass i klasse 3 med ein ratingprestasjon på 1752.

Rudi Kilen kapra også eit heilpoeng etter å ha stått best det meste av partiet, og fekk retta opp bukken frå i går ...

Åsmund Forfang har så langt underprestert og fekk i dag eit halvpoeng etter eit parti der brikkene vart bytta ut i eininga og stillinga vart så remisaktig at spelarane vart einige om å dele poenget.

Eivind Andreas Almli gjekk i dag på eit tap etter vinsten i går. Men det er sju parti igjen!

<< Previous ... 2 ... 4 ... 6 ... 8 ... 10 ... 12 ... 14 ... 16 ... 18 ... 20 ... 22 ... 24 ... 26 ... 28 ... 30 ... 32 ... 34 ... 36 ... 38 ... 40 ... 42 ... 44 ... 46 ... 48 ... 50 ... 52 ... 54 ... 56 ... 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 ... 79 ... 81 ... 83 ... 85 ... 87 ... 89 ... 91 ... 93 ... 95 ... 97 ... 99 ... 101 ... 103 ... 105 ... 107 ... 109 ... 111 ... 113 ... 115 ... 117 ... 119 ... 121 ... 123 ... 125 ... 127 ... 129 ... 131 ... 133 ... 135 ... 137 ... 139 ... 141 ... 143 ... 145 ... 147 ... 149 ... 151 ... 153 ... 155 ... 157 ... 159 ... 161 ... 163 ... Next >>

Powered by CuteNews